Innsida.noKvinnherad
NY VENSTRE-LEIAR: Kristian Bringedal blei i kveld valt til ny leiar i Kvinnherad Venstre. Her avbilda under kommunestyremøtet førre veke. (ANDERS TOTLAND)
KVINNHERAD: Ein dag etter at Synnøve Handeland blei valt til ny leiar i Hordaland Venstre, har lokallaget i Kvinnherad valt Kristian Bringedal til ny leiar i Kvinnherad Venstre.
– Kvinnherad Venstre har fått eit styre med brei kompetanse og variert erfaring, og skulle såleis vera godt rusta til eit år med programarbeid og listearbeid fram mot kommunevalet i 2011, heiter det i ei pressemelding frå partiet.
Med seg i styret har han Resy Aak Thoresen, Tove Ertsland, Gunnar Røssland og Bjarne Lilleås. Dei to sistnemnde sit begge i kommunestyret for Venstre.
Publisert mandag 08. februar 2010 kl. 22:50.
Sist oppdatert mandag 08. februar 2010 kl. 22:59.
(4 bilder)
(31 bilder)
(9 bilder)
(9 bilder)