Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ + Innhald A-Å

Kommenterer Super Bowl

Asbjørn Slettemark

PROGRAMLEIAR: Asbjørn Slettemark. (Arkivfoto: PER EGIL LARSEN)


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Asbjørn Slettemark tar ein pause frå musikkverda, og gjev seg i natt i kast med amerikansk idrett.

SUPER BOWL: Asbjørn Slettemark er mest kjend som mangeårig musikkspesialist, og jobbar til dagleg som programleiar for Lydverket på NRK.

I natt legg han imidlertid musikken og til sides, og tar eit langt steg inn i sportsverda, når han kommenterer den amerikanske Super Bowl-finalen på same kanalen.

Engasjert fan
Den utflytta kvinnheringen gler seg, og trur sjølv han vil gjera ein god jobb i studio.

– Eg er ein veldig engasjert fan. Kombinert med at eg jobbar ein del med livesendingar vonar eg det viser at eg er godt eigna, seier Slettemark til NRK Sport.

– Eg såg min første Super Bowl for ti år sidan. Eg har vore mykje ute og reist, både i USA og på stader der det er mange amerikanarar. Då har eg sett den enorme entusiasmen rundt NFL. Dei siste åra har engasjementet berre auka, seier Slettemark.

Viktig med kunnskap
Også redaksjonssjef Sjur Molven har trua på Slettemark i kommentatorrolla.

– Me er veldig glade for å ha fått inn Asbjørn Slettemark som programleiar for Super Bowl-sendinga. Han har usedvanleg god greie på amerikansk fotball og det er viktig med tanke på at dette er ein idrett som ganske få nordmenn har stor kunnskap om, seier Molven til NRK Sport.
 

Publisert søndag 07. februar 2010 kl. 20:29.
Sist oppdatert søndag 07. februar 2010 kl. 20:29.

Annonse

Annonse