Innsida.noKvinnherad
HANDBALL: Førre helg blei damene i Kvinnherad Handballklubb snytt for sjansen til å pynta på scoringsstatistikken, då NHHI 2 ikkje møtte.
I morgon er det eit anna bergenslag som er venta.
Siste KHK spelte mot BHK 2 vann dei 38-15 på bortebane. Trenar Arne Lindeflaten er likevel ikkje trygg på korleis det vil gå i morgon.
– Eg lurer litt på desse. Det ser ut som dei har heva seg veldig dei siste kampane, og har vunne stort mot lag dei tapte mot tidlegare, fortel Lindeflaten og legg til:
– Me får berre stå på, det er ikkje noko anna å gjera. Eg trur det blir ein tett og spanande kamp.
Korleis det går i Husneshallen les du på innsida.no rett etter kampslutt sundag ettermiddag.
Publisert lørdag 06. februar 2010 kl. 12:46.
Sist oppdatert lørdag 06. februar 2010 kl. 12:46.
(4 bilder)
(31 bilder)
(9 bilder)
(9 bilder)