Annonse

Søk

Hvor vil du søke?

+ + Innhald A-Å

Sjekka drivande båt


  • Del på nettet
  • Tips en venn via epost
  • Skriv ut

Urolege tilskodarar meldte frå om drivande båt i Høylandssundet.

KVINNHERAD: Fredag fekk politiet i Kvinnherad ein telefon frå Hovudredningssentralen om ein båt som låg og dreiv i Høylandssundet.

– Me sjekka opp saka, og fann to personar som hadde ein heilt lovleg kveld på fjorden, seier lensmann Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor.

Båten hadde ifylgje Børve lege i ro i tre timar då folk byrja uroa seg for om det var noko gale, og melde frå.

– Når båten hadde lege i ro så lenge, kunne det jo vera føraren hadde fått eit illebefinnande, men denne gongen var det heldigvis ingenting, seier Børve.
 

Publisert mandag 08. februar 2010 kl. 13:59.
Sist oppdatert mandag 08. februar 2010 kl. 14:10.

Annonse

Annonse