Innsida.noKvinnherad
TØFF START Håkon Ekeland og «nye» Trio får truleg ein tøff start mot Stord i kveld. (Arkivfoto: GEIR REMME)
FOTBALL: Håkon Ekeland og hans menn skal i kveld gjennom sin aller første eldprøve, når dei møter Stord til treningskamp på Vikahaugane. Det blir laget sin første kamp med Ekeland i trenarrolla.
Det som imidlertid kan by på størst startvanskar er at dei knapt har fått trent fotball i år, på grunn av den standhaftige vinteren.
– Mykje gamping
– Me har hatt ei trening på ein kvart bane ute. Elles har me måtte ta treningane innandørs, med ein del løpstrening og styrke. Mykje gamping, seier Ekeland.
Trass i at dei har trent fire gonger i veka sidan nyttår, vil dei dermed likevel ikkje vera så rusta til kamp som dei gjerne skulle ynskja.
– Det blir ikkje heilt det same som å få trena på å spela fotball ute, seier Ekeland.
Ungt lag
Ei anna utfordring for den nye trenaren er at store delar av laget som avslutta førre sesong for Trio anten har skifta klubb eller gått tilbake til klubbane dei var utlånt frå.
Blant dei fråfalne er Ronny Hamre som er gått til Stord, Mats Paulsen som var på utlån frå Stord, Trond Inge Haugland som har gått inn i ei trenarrolle for Rosendal, Henrik Røssland og Inge Tungesvik.
– Det var nok ikkje eit heilt dumt samantreff at det var no me rykkte ned. Det blir eit veldig ungt lag, og det kan bli aktuelt å bruka fleire spelarar som framleis speler på gutenivå, seier Ekeland.
Som trenar for det suksessfulle G16-laget til Trio førre sesong, kjenner han godt til den yngre garde i klubben.
– Det som er spanande blir å sjå korleis dei yngste taklar presset. Eg veit at dei er gode tekniske, og at det er mykje fotball i dei, seier Ekeland.
Vil ligga på toppen
– Kva er ambisjonsnivået for Trio denne sesongen?
– Me håpar jo på å ligga i toppen av tabellen. Men mykje kan avhenga av korleis dei yngste spelarane klarer seg i 4. divisjon. Det kan bli avgjerande korleis dei taklar det, seier Ekeland.
Første testen på det får han allereie i kveld.
Publisert onsdag 03. februar 2010 kl. 23:55.
Sist oppdatert onsdag 03. februar 2010 kl. 23:55.
(4 bilder)
(31 bilder)
(9 bilder)
(9 bilder)