Innsida.noKvinnherad
VANN NIANDEPLASSEN Trio sine volleyballdamer vann niandeplassen i helgas rankingturnering, då dei slo OSI 2-1 i dag. (Arkivfoto: GEIR REMME)
VOLLEYBALL: Etter å ha tapt to av tre kampar i går, var det kampen om niandeplassen som venta Trio sine volleyballdamer i føremiddag.
Den vann dei overbevisande med settresultata 21-25, 25-12 og 15-4.
To niandeplassar
Oppsummert er trenar Åge Vik mindre nøgd med heile turneringa, men vil likevel ikkje ta det altfor tungt.
– Me må innsjå at det er dette nivået me er på. Me har to niandeplassar frå rankingturneringar, og ligg nest nedst på tabellen. Ut frå det er dette greit nok, seier Vik til innsida.no rett etter kampslutt sundag.
Trur på fornya kontrakt
Han har likevel stor tru på at Trio vil klara å sikra fornya førstedivisjonskontrakt.
Dei to laga dei kjempar i botnen av tabellen med, gjorde det nemleg dårlegare enn Trio i rankingturneringa. Dermed er Trio sin posisjon styrka.
– Teoretisk er det framleis muleg at me rykker ned. Men då må dei andre gjera det veldig bra, og me må gjera det veldig dårleg, seier Vik.
Publisert søndag 07. februar 2010 kl. 12:57.
Sist oppdatert søndag 07. februar 2010 kl. 12:57.
(4 bilder)
(31 bilder)
(9 bilder)
(9 bilder)