Innsida.noNyhende
KVINNHERAD: Båthamna på Husnes har dei siste åra vist seg å vera svært så konkurransedyktig i Båtmagasinet si årlege kåring av "Årets gjestehavn".
I 2006 vann båthamna på Husnes, og kom på fjerdeplass året etter og andreplass i fjor. I år blei det altså topplassering igjen.
På tredjeplass i årets kåring ligg Uskedal båthamn, medan båthamna i Rosendal hamna på sjuande plass.
Båtlagsleiar Agnar Melkersen seier til innsida.no at trass i dei gode plasseringane på slike kåringar, er dei ikkje opptekne av å vinna, for ein kvar pris.
– Me er først og fremst opptekne av at gjester og medlemer skal trivast og ha det kjekt her. Men det er sjølvsagt kjekt å vinna, det kan me ikkje legga skjul på. Det betyr jo at folk har stemt oss fram, og likar seg her, seier Melkersen.
– Me har ei fin hamn, og ein fin plass. Og så har me dyktige hamnevertar som steller fint med gjestene. Det likar folk, seier Melkersen.
Ifylgje båtlagsleiaren har både NRK Hordaland og Dagbladet peika ut Husnes som den beste båthamna tidlegare år.
Hamnesjef Einar Oppedal er svært nøgd med kåringa, og seier til innsida.no at han trur den gode "pakken" rundt båthamna er med å trekka opp.
– Me har golfklubben, tennisbane, fotballbane og strandvolleyballbane, i tillegg til at Tide stiller opp og køyrer buss ned hit. Og så har me syklar til utlåns til dei som til dømes vil opp til storsenteret, seier Oppedal som feirar kåringa med kake og kaffi saman med båtturistane i dag.
– Og når sesongen er over, skal me ha ei feiring her for medlemene òg, legg han til.
Publisert torsdag 06. august 2009 kl. 00:00.
Sist oppdatert torsdag 06. august 2009 kl. 11:18.
(19 bilder)
(19 bilder)
(13 bilder)
(6 bilder)
Export =