Innsida.noSport
1-0 (10.minutt) Christoffer Kalve
1-1 (60.minutt) Jim Are Hansen (straffe)
Trio sitt lag
Thomas Hallquist (Andreas Eide frå 46.minutt), Mats Mo (Tommy Hivand frå 46.minutt), Aleksander Ekeland, Rune Mo, Jim Are Hansen, Endre Eide, Espen Saghaug, Rolf Vidar Hansen, Tarjei Tjeldflåt (Allkan Abdulla frå 60.minutt), Roger Ekeland, Stian Voster.
Stord sitt lag
Ruben Rogne, K. Nora (Magnus Losnegård), Tor Ove Anuglen, Ole Morten Lie, Svein Albert Riise, Richard Alsaker (Anders Hella), Tore Kannelønning, Erling Hansen (Roger Almås), Chistoffer Kalve (Torstein Helle Meling), Alfred Berge (Torbjørn Agdestein).
Kjelde: www.il-trio.no
FOTBALL: Den nye Stord-trenaren Ole Hjelmhaug fekk for første gang sjå Stord spela fotballkamp fredag kveld.
LES ÒG: – INGEN KLIPPEKORT PÅ DETTE LAGET
Kampen enda 1-1, etter scoring av Christoffer Kalve for Stord etter 10 minutt, og utlikning av Jim Are Hansen på straffe for Trio eit kvarter ut i andre omgang.
Resultatet bryr ikkje Hjelmhaug seg om, men ser på kampen som det han var meint som, nemleg kamptrening.
Viktig kamptrening
– Veldig greit å koma i gang. Det viktigaste for oss er å få kamptrening. Så var det ein del som var positivt og ein del som var negativt, oppsummerer Hjelmhaug.
Med mangeårig målvakt Torstein Myhre vekkreist på utanlandsjobb, var det kvinnheringen Ruben Rogne, som spelte på Trio sitt G16-lag i fjor, som fekk jobben med å halda Trio-ballane ute.
LES ÒG: TØFF START FOR TRIO
– Ruben har trent med oss saman med Torstein, og har gjort seg fortent til å spela. Han har teke store steg sidan han byrja å trena med oss, skryt Hjelmhaug.
Den nye Trio-trenaren Håkon Ekeland trente G16-laget i fjor, og vedgår at det var litt spesielt å sjå si eiga målvakt frå i fjor på hi sida av banen.
Fire gutespelarar
Elles var han godt nøgd med kampen, trass i at Trio spelte med 10 mann på banen mot slutten av kampen.
– Me hadde ein spelar som fekk krampe i begge beina, og ein som klarte å skada seg under påkledning, så då hadde me berre 10 mann igjen, seier Ekeland.
Før kampen var han spent på korleis dei yngste på laget ville klara seg, men blei på ingeng måte skuffa.
– På slutten var det fire gutespelarar på banen, og dei spelte veldig bra. Eg hadde eigentleg trua på det, men ein veit jo aldri i møte med garva vaksne spelarar, seier Ekeland.
Publisert lørdag 06. februar 2010 kl. 11:50.
Sist oppdatert lørdag 06. februar 2010 kl. 12:06.
(4 bilder)
(31 bilder)
(9 bilder)
(9 bilder)