Innsida.noStord
FOTBALL: – Eg har ein krevjande spelestil som gjer at eg forventar ein del av spelarane. Den som ikkje vil innretta seg etter dette kan ikkje venta seg mykje speletid, seier Stord-trenar Ole Hjelmhaug.
Av dei parogtjue spelarane som møter på trening no, fortel trenaren at mykje står på innstillinga til den einskilde spelaren.
– Fylgjer ein opplegget og gjer det ein blir sett til, vil ein òg få spela mykje. Men det er ingen som har klippekort på dette laget. Ein må gjera seg fortent, seier Hjelmhaug.
I kveld speler Stord treningskamp mot Trio. Det blir den første Stord-kampen som den nye trenaren får sett.
På grunn av trenarklusset i Stord i haust, fekk han nemleg ikkje høve til å sjå dei spela førre sesong.
– Eg hadde ikkje Stord i tankane i det heile tatt i fjor haust. Men eg har fått sett nokre DVD-opptak, seier Hjelmhaug som gler seg til å endeleg få sjå laget spela i levande live.
Publisert torsdag 04. februar 2010 kl. 12:18.
Sist oppdatert torsdag 04. februar 2010 kl. 12:21.
(4 bilder)
(31 bilder)
(9 bilder)
(9 bilder)